Template:Appeal/Alan/nn

From Donate
Jump to navigation Jump to search

Frå Wikipedia-forfattar Alan Sohn

På Wikipedia her eg skrive 2463 artiklar. Alle saman gratis.

Eg er systemkonsulent og arbeider med store datasystem i finansnæringa. Skulle den tida eg har brukt på Wikipedia omgjerast til pengar, ville det verte millionvis av kroner.

Men her er det ikkje pengane som er drivkrafta. I Wikipedia gjeld ein heilt annan valuta. Sjølv stiller eg med glede kunnskapen min til disposisjon, og det same gjer tusenvis av andre bidragsytarar. Vi veit alle at det er til beste for heile verda at denne informasjonen vert gjort tilgjengeleg gratis.

Men, den digitale infrastrukturen som trengst for å få informasjonen fram til brukarane er ikkje gratis. Derfor spør vi kvart år om gåver. På Wikipedia er der ikkje reklame, der er ikkje noko som blinkar, der er ingenting ute på sida av skjermen, vi prøver ikkje å selje deg noko. Wikipedia er ikkje skjemd av kommersialisme.

Vi treng di støtte enten den no er 50, 100, 500 kroner eller den summen du ser deg råd til å gje for at du kan ha tilgang til fri informasjon.

Den infrastrukturen som er naudsynt for å drive Wikimedia Foundation sitt ideelle arbeid er svært så enkel. Wikipedia er den femte mest besøkte nettsida i verda, men greier seg med berre 370 sørverar og mindre enn tusen tilsette. Det er verkeleg overraskande.

Samanlikn dette med dei fem mest besøkte nettsidene i verda:

  • Google: 1 000 000 sørverar, 24 000 tilsette
  • Facebook: 60 000 sørverar, 2 000 tilsette.
  • Microsoft: 220 000 sørverar. 90 000 tilsette.
  • Yahoo: 50 000 sørverar, 13 900 tilsette.

For Wikimedia Foundation betyr derfor ei lita gåve svært mykje.

Slik økonomien er organisert tek vi det for gitt at folk arbeider berre fordi dei får pengar for det. Korleis skal ein elles få folk til å møte på arbeid viss dei ikkje får løn?

I Wikipedia har viljen til å samarbeide og forbetre kunnskap skapt uvurderlege ressursar. Kultur vert ikkje seld til høgstbydande. Når som helst får du balansert, presis og oppdatert informasjon. Den er veldokumentert, skikkeleg organisert og har rikeleg med referansar.

For meg ser dette ut til å vere ein retteleg god handel.

På førehand takk,

Alan Sohn
Wikipediaskribent