Template:Appeal/Kaldari/nn

From Donate
Jump to navigation Jump to search

Frå Wikipedia-programmerar Ryan Kaldari

Internett var eingong skikkeleg kult.

Det fanst så mykje ulikt og spanande på Internett tilbake i «gamle dagar» på 90-talet. Den gongen verka nettet meir som eit samfunn av interessante folk enn forgylt fjernsyn, slik ein eigentleg får inntrykk av no.

Eg var ein av dei frivillige som skapte Wikipedia. Og me bestemte for lenge sidan at å dela informasjon og utdanna folk er viktigare enn å tena pengar. Difor er Wikipedia no lagra av ein veldedig organisasjon, og vil aldri visa reklame. Det kostar sjølvsagt pengar å halda serverane gåande og sjølve betala eit fåtal tilsette. Men i staden for å la reklamepengar og økonomisk påverknad styra det me gjer, spør me kvart år ganske enkelt lesarane våre om å gje litt av pengane sine for å støtta eit verkeleg samfunn av menneske som står for noko anna på Internett. Ver god å gje 50, 100 kroner eller det du kan.

Etter fleire år som bidragsytar for Wikipedia blei eg til slutt tilsett som programmerar. Og ein ting kan eg seie- infrastrukturen som ligg under Wikipedia er omtrent så enkel som han kan få blitt.

Google skal ha opptil ein million serverar. Yahoo har noko slikt som 13 000 tilsette. Me har 679 serverar og 95 tilsette.

Wikipedia er det 5. mest vitja nettstaden på Internett, og viser kvar månad milliardar av enkeltsider til 470 millionar ulike menneske.

Det beste ved å gje er at om du gjev 100 kroner til Wikipedia, blir resultatet mangedobla. Om dei 100 kronene går til å løna ein programmerar, som så utviklar eit verktøy som lèt 1 000 bidragsytarar gjera noko flott på Wikipedia, så har plutseleg dine 100 kroner utført mykje meir enn dei kunne på nokon annan nettstad.

Di gåve vil hjelpa oss til å gjera Wikipedia betre – og sikra at i det minste denne delen av Internett framleis vil vera kul.

Takk.

Ryan Kaldari
Wikipedia-programmerar